Back to All Events

JULEKONSERT MED ODD NORDSTOGA

ODD_NORDSTOGA.jpg

Jul og Odd Nordstoga er kjent og kjært for dei fleste: "Jul i Svingen", "Strålande Jul" med Sissel og Odd, julekonsert med Det Norske Kammerorkester vesle julaftan pluss mange opptredener på TV i samband med jula seier sitt.

Men Odd Nordstoga har aldri hatt ein eigen julekonsert før. Ikkje før no! Endeleg dreg han ut på turné med sitt rike julereportoar. Med seg har han eit av verdas beste orkester; Det Norske Kammerorkester. Saman har dei laga ei ny juleplate med både nye julelåtar og tradisjonelle julesongar på Odds særeigne vis. Endeleg kan du høyre Jul i Svingen med han som har laga den, i tillegg til alle dei andre julesongane du tenker på med Odd Nordstoga. Dette er årets julegave frå Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester til alle dei som vil gå på ein verkeleg flott julekonsert i år.

Facebook Event

Earlier Event: November 22
THE BOOK OF MORMON
Later Event: January 27
DISNEY ON ICE